Kom til Fosnavåg sentrum og Vårmarknad laurdag 4. mai kl. 10-15. Her blir det salsboder rundt Paviljongen.
Det blir sal av mykje forskjellig – vi har til no på lista Kandal ysteri og gardsmat – Opp i bakkji – Frøysagarden – Finvik Gard – Smultringar – Såper – Honning – Ukrainske kaker – Pia Voldsund / keramikk, Tupperware, bieprodukter og fleire kjem!
Butikkane vil vise vårens nyheiter og det vil sikkert bli anledning til ein god matpause hos serveringsstadane i sentrum.
For borna vil det også bli noko å vere med på, meir informasjon kjem etter kvart. Vi kan no røpe at sjølvaste Karius og Baktus kjem innom denne dagen, og dei vil ikkje akkurat dele ut gulrøtter!
Sett av dato og følg arrangementet så kan du halde deg orientert!
Send e-post til sissel@heroynf.no om du ønsker å stille med stand!