Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

UTEKINO: «LUNDEFJELL» på Runde!

november 28, 2023 @ 17:30 - 19:30

50

GRATIS BILLETTAR MÅNDAG – BILLIG TYSDAG!

Dette blir gøy – og fint! Vi bjudar på UTEKINO ved Runde Miljøsenter – «Kjøp» billettane gratis idag måndag! Og tysdag kostar dei kun 50,- per person born/vaksne/honnør! Hugs at de MÅ ha billettar før de parkerer! Fosnavåg kino og konserthus samarbeider med Runde miljøsenter og Opplev Runde om dette som kan bli ei veldig koseleg oppleving.

Vi har lasta på bil og køyrt vår gamle prosjektor og lerret UT og planlegg UTEKINO ved Runde Miljøsenter tysdag! Vi i Fosnavåg kino går for dette uansett – sjølv om det er meldt litt kjølig og litt vind. Så kom og bli med! Leit fram varmekjeldress og campingstol, og ta gjerne med ein besteforelder også. Vi byr på bålpanne, kakao og marshmellows ;o) Høyres det ikkje koseleg ut? TUSSA hjelper oss med diger straumledning, og er med og sponsar snacks til kidsa!

Og så denne fine teiknefilmen då! «Lundefjell» er produsert i Irland og handlar om lundefuglar og andre koselege pippippar – Perfekt på øya med Norges sørlegaste fuglefjell! Filmstart blir kl. 18, men vi fyrer opp litt før. Kom ikkje for tidleg dersom det er kaldt, men beregn nok tid til å parkere og sesse seg før sjølve filmen startar. Vi fyrer altså opp bålpanner og varm drikke litt før. Miljøsenteret stiller med benkar, bål, WC og varmestove om det trengst, og dei har også opa utstilling om sjøfugl. Alle borna som kjem får ein liten pakke med det dei treng til å grille seg litt barne-tv-snacks! Og litt popcorn på/frå kinoen blir det også. Ta på varme kle og sko! Sjekk gjerne Yr – og ta gjerne med eige pledd og eigen campingstol, siteunderlag e.l. Vi skal også ha ein konkurranse der vi trekkjer ut vinnarar mellom dei som kjøper billett.

Detaljer

Dato:
november 28, 2023
Tid
17:30 - 19:30
Kostnad:
50
Kategori for Arrangement:
Hjemmeside:
https://checkout.ebillett.no/139/events/20386/purchase/setup

Sted

Runde Miljøsenter
Rundavegen 237
Runde, Herøy 6096 Norge
+ Google-kart
Telefon
70080800
Vis Sted nettside

Arrangør

Fosnavåg kino
Telefon
91117644
Vis Arrangør nettside