Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

Tonight

April 20, 2024 @ 19:00 - 20:30

Tonight er konsert tittelen når Herøy Brass arrangerer årets storkonsert. Vi har henta musikken frå kjente musikalar og har denne gongen fått med oss artisten Anders Gjønnes og koret Corsonus .

Saman vil vi gi publikum ei strålande oppleving skapt av samspelet mellom desse tre aktørane. Musikken vil bli levert med imponerande presisjon og lidenskap på ein magisk måte. Du vil gå heim og ha fått med deg ein minneverdig aftan.

HERØY BRASS er heimehøyrande i Herøy men har medlemmar med seg frå heile Sunnmøre. Herøy Brass tek mål av seg til å vere eit komplett brassband for vaksne med stor aktivitet lokalt og regionalt. Det er også eit mål å utvikle medlemmane og korpset, musikalsk sett, til eit nivå som er til glede for publikum og til inspirasjon for skuleborn som er medlemar i lokale skulekorps i regionen. Deira dirigent er Frode Dalhaug. Herøy Brass er for tida topp trimma då dei akkurat har delteke i NM for brass i Bergen.

ANDERS GJØNNES er vår solist! Frilans skodespelar og songar, frå Larvik, og utdanna ved m.a. Teaterhögskolan i Göteborg og Griegakademiet i Bergen. Han har gjort roller i m.a. Peer Gynt i Kairo, Jesus Christ Superstar på Göta Lejon i Stockholm, Les Misérables på Malmö Opera, West Side Story på Nöjesteatern i Malmö, Billy Elliot i Sandnes Kulturhus samt Hertug Orsino i Shakespeares Trettendedag i Tønsberg med Thesbiteateret. Ander sitt repertoar inkluderer også konsertar, juleshow, revy, film og TV, og han er medgrunnleggar av den Larvik-baserte teatergruppa Tre på rad og det Oslo-baserte Musikalkompaniet.

Dei seinaste åra har Anders m.a. turnert med Inger Lise Rypdal, spelt rollen som Robert i to oppsettingar av musikalen Kristina frå Duvemåla ved Bømlo teater, samt Erlend i Kristin Lavransdatter på Akershus Festning, saman med Karoline Krüger som Kristin. Hausten 2024 er Anders igjen aktuell i Kristina frå Duvemåla, denne gong ved Lørenskog Hus, i rolla som Karl Oskar.

CORSONUS er ein gjeng friske, humørfylte Hareidsdamer som har eit varmt forhold til song. Koret vart starta i 2015 og har sidan då bygd opp eit variert og tidvis ambisiøst repertoar med alt frå moderne pop til tidlause klassikarar og folkemusikk. Mange opptredenar har det blitt, og lite gledar damene meir enn å få dele songgleda med andre. Dirigent og musikalsk leiar er Iris Kristine Tangen – ei myndig og drivande dyktig dame som utfordrar koret både rytmisk og musikalsk. Mange personlege sperrer har blitt sigra over, og medlemmane opplever meistring og utvikling i eit godt sosialt felleskap. Iris har nådd mange milepælar med koret frå den spede starten og fram til i dag, med gode resultat frå både «Syng med oss» i Grieghallen og NM i Trondheim. Slikt gir motivasjon og pågangsmot til glade amatørar, og drivkraft til å øve vidare.

Konferansier Herman Brune Leikanger kjem frå Larsnes og vil vere med og leie oss igjennom konserten. Han er også utdanna ved Bårder Danseinstitutt. Kanskje vil vi også oppleve at han tek ein dans til låtane. Han har vore programleiar før og vi gler oss over å ha han med på laget.Med dette ynskjer vi alle hjarteleg velkomne til storkonserten “Tonight”!

Details

Date:
April 20, 2024
Time:
19:00 - 20:30
Event Category:
Event Tags:
,
Website:
https://www.fosnavagkonserthus.no/heroy-brass-x1kzi5/#tickets

Venue

Fosnavåg konserthus
Gerhard Voldnes veg 7
Fosnavåg, Herøy 6090 Norge
+ Google Map
View Venue Website

Organizer

Herøy Brass
Phone
90127868
Email
Perly.kopperstaf@outlook.com
View Organizer Website