Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Terje Vigen på Herøy!

juni 23 @ 17:00 - 18:00

250

«Der bode en underlig gråsprængt en på den yderste, nøgne ø…» Denne første linja av Henrik Ibsen sine 43 vers om Terje Vigen har du sikkert høyrt. No får du sjansen til å høyre heile diktet i vår utandørs framsyning sjølvaste jonsokaftan, søndag 23. juni, på Herøy gard! Bjørn Holum fyller rolla som Terje Vigen, medan Vegard Holum fyller fjorden med vakkert tonefylgje, ein kombinasjon av elektronikk og trompet. Og vår teknisk ansvarlege Torgrim Skjerdal skal legge lyden slik at den når godt fram til publikum på land!

Vi er stolte av å presentere denne produksjonen vår, ein urpremiere som ein «tjuvstart» på Fosnavåg konserthus sin jubileumshaust. Og ingen stad er betre enn vakre Herøy gard med Eileen & Co som samarbeidspartnar og naturleg historisk sus! Visste du at dette temaet var så aktuelt også på våre trakter, at Herøy truleg hadde sin eigen Terje Vigen?! Det er fantastisk, og vi ønskjer at publikum skal kjenne historia på kroppen denne midtsommarsøndagen. Ein kan lese om temaet i Herøyboka, Bygdesoga 1:

«Året 1802 var eit av dei vonde år. Torskefisket var så ringt at ingen kunne minnast maken. Smått var det med sildefisket og. På landejorda var det like ille. Høy og korn regnde vekk, og tidlega kom nattekulden. «Det dyre kornkjøb vil gjøre mange fattige og bringe andre til betlerstaven (bli ruinert) hvis ikke hurtig tilførsel av korn for billige priser skjer», skreiv futen 3. november».

Vi kan også lese om Magnus Tongan (Tangen) frå Nautøya. Han var ein av dei som gjorde Danmarks-ferd etter korn etter at sokneprest Grüner spurte om nokon kunne fare. Segna om Magnus (og Tambur-Elling frå Volda) heldt seg levande på Nautøya og i det handskrivne bladet «Notøy» frå 1924 skreiv Ole Hagemann ei vise om denne ferda, ei vise i Terje Vigen-stil. Den finst å lese den dag i dag!

Detaljer

Dato:
juni 23
Tid
17:00 - 18:00
Kostnad:
250
Kategori for Arrangement:
Arrangement Tags:
Hjemmeside:
https://www.fosnavagkonserthus.no/terje-vigen-o8gay2

Sted

Herøy kystmuseum
Nautøya 175
Tjørvåg, Møre og Romsdal 6070 Norge
+ Google-kart

Arrangør

Fosnavåg konserthus
Epost
post@fosnavagkonserthus.no