- This event has passed.
Strikkekino

Tirsdag 23 april inviterar vi igjen, saman med Studio Lun og Sølvi Quiltestudio, til Strikkekino på Fosnavåg kino. Som vanleg vil det være litt lys på inne i salen under visning slik at vi unngår strikkerelaterte uhell.
Denne gangen viser vi dokumentaren Ibelin kl 1930.
Om filmen:
Gameren Mats Steen døydde av ein muskelsjukdom berre 25 år gamal. Foreldra hans sørgde over det dei trudde hadde vore eit einsamt og isolert liv, då dei brått starta å få meldingar frå online-vener av Mats over heile verda. Filmen gjenskapar det rike livet til Mats sin avatar «Ibelin» i spelverda på banebrytande vis. Alt er basert på verkelege hendingar og dialogar, henta frå tusenvis av sider rollespel-logg i World of Warcraft. I tillegg får vi sjå unike arkivopptak frå oppveksten og intervju med fleire av venene Mats fekk gjennom spelet.
Filmen har fått fantastiske kritikka og er absolutt verdt å få med seg.
“Hjerteskjærende god” (NRK)
“Noe helt for seg selv” (Aftenposten)
“Dokumentar i verdensklasse” (Adressa)
“Enestående, følsom og genial dokumentar” (Cinema)
“Ibelin” is powerful cinema – a moving masterwork (Variet
Her er det bare å pakke med strikkepinna, garn og kva det ellers måtte være og møte opp for ein triveleg kveld i godt selskap.
Møt gjerne i lobbyen på Thon Hotel Fosnavåg for ein uformell strikkecafe frå kl 18. Her er det mulegheit for å kjøpe kaffe, noke godt frå dessertmenyen eller andre ting ein evt har lyst på.
Filmen er også ein del av Kinoklubb sitt utvalg, så er du medlem her har du halv pris på billetten.