Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

Strikkekino

June 18, 2024 @ 19:30 - 21:30

Tysdag 18 jun kl 1930i invitera Fosnavåg Kino saman med Studio Lun og Sølvi Quiltestudio til ein ny strikkekino! Denne gongen viser vi filmen One Life med m.a. Anthony Hopkins i hovudrolla.
Om filmen:
One Life fortel den sanne historia om Sir Nicholas Winton, som redda meir enn 600 barn frå nazistane under andre verdskrigen. Nicky såg på seg sjølv som ein heilt vanleg forretningsmann, men fekk ein brutal vekkjar frå det trygge livet sitt då han i 1938 besøkte eit nyleg okkupert Praha. Der såg han korleis dei flyktande jødane vart behandla, og difor gjorde han det han meinte var det einaste rette, nemleg å gjere alt i si makt for å hjelpe. Krigen nærma seg, og det vart eit kappløp med tida. Kor mange barn kunne han setje fri før det var for seint?

Som vanleg oppfordra vi til å møte i lobbyen til Thon Hotel Fosnavåg frå kl 18 for ein liten strikkecafe. Her kan du bestille kaffe, noke søtt frå dessertmenyen til restauranten eller noke heilt anna om du ønsker det. Etter denne visning tek Strikkekinoen ferie i juli, men er sterkt tilbake i august.

Legg også merke til at filmen er ein del av filmweb sin Kinoklubb. Dvs: er du medlem så får du halv pris på kinobilletten.

Details

Date:
June 18, 2024
Time:
19:30 - 21:30
Event Category:
Website:
https://t.ly/KC_zl

Venue

fosnavåg kino
Gerhard Voldnes veg 7
FosnavÅg, 6090 Norge
+ Google Map
Phone
91117644
View Venue Website