Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Strikkekino

mai 21 @ 19:30 - 22:30

Tysdag 21 mai invitera vi på Fosnavåg Kino til ny strikkekino. Med på laget har vi samtidig Studio Lun, Sølvi Quiltestudio og Thon Hotel Fosnavåg.
Denne gongen viser vi den helege komedia Wicked Little Letters.
Om filmen:
Når folket i den vesle landsbyen Littlehampton – inkludert den konservative Edith – byrjar å motta brev fulle av svært ufine banneord, vert den grovmunna irske innflyttaren, Rosie, skulda for å vera hjernen bak ugjerninga. Etterforskinga ballar på seg når kvinnene i landsbyen mistenkjer at noko ikkje stemmer og tek saka i eigne hender.

Som vaønleg vil det være litt lys på inne i salen under filmen. Filmstart er 1930, men møt gjerne opp i lobbyen til hotellet frå kl 18 for ein høgst uhøgtideleg strikkecafe. Her har du anledning til å bestille noke frå dessertmenyen til restauranten om du har lyst på noke godt. Eller ta deg ein kaffeeller kva enn du måtte ha lyst på.

Her er det bare å pakke med seg strikketøy og bli med på det som tidlegare har vist seg å være ein veldig triveleg kveld på kinoen!

Filmen er dessutan ein del av Filmwebs Kinoklubb, så er du medlem der får du billetten til halv pris.

Detaljer

Dato:
mai 21
Tid
19:30 - 22:30
Kategori for Arrangement:
Hjemmeside:
https://t.ly/Rts7u

Sted

fosnavåg kino
Gerhard Voldnes veg 7
FosnavÅg, 6090 Norge
+ Google-kart
Telefon
91117644
Vis Sted nettside