- This event has passed.
Spareribs & Expend4bles

Fredag 22. september kan du få ein hardtsparkande heilaften i Fosnavåg. Madelynn Coffe og @boonesbarfosnavag held ope kl. 18.00-20.30 med BBQ spareribs på menyen. Filmen startar kl. 20.30. For kun kr. 330,- får du spareribs, film og ein liten kino-meny med på kjøpet. Slå den! Og kjøp billetten på førehand med kategorien “Spareribs & Expend4bles”.
Forhåndssalet har ikkje starta enda, så vi legg ut billettlenkje i facebook-event og eBillett når det blir opna for salg. Inntil vidare så er det berre å sjekke med gjengen kven som har lyst å vere med deg på fredagskveld! Du bør vere tidleg ute for å sikre deg denne pakken/kombinasjonen, absolutt siste frist vert kl. 12 den fredagen. Blir det fullt før, så vart du for sein ;o) Madelynn og Boones Bar er sjølvsagt opne for andre enn kinogjestar også i den oppgitte tida, dersom det blir plass. Dei opnar for bord-reservering gjennom siste veka før. Ein kan sjølvsagt også sjå filmen på kino denne kvelden, utan mat, med vanleg billett.