Beatles-songar på ny møte med forfattar og Beatles-kjennar Lars Saabye Christensen! Han les dikt/poetiske tekstar som er skreddarsydde for konserten, saman med personlege kommentarar frå sitt eige Beatles-univers. Helge Iberg spelar sine tolkingar av ikoniske Beatles-låtar.
Saabye Christensen burde vere kjend for dei fleste. Han er ein av Norge sine mest respekterte og populære forfattarar og har ein allsidig litterær produksjon. Mange kjenner hans oppvekstroman «Beatles» som eit av dei viktigaste tidsbileta frå andre halvdel av 1900-talet. Helge Iberg bevegar seg mellom den klassiske musikken sine partitur og den moderne jazzen sine landskap. Som pianist har han gjort samarbeidsprosjekt med artistar som Bendik Hofseth, Sidsel Endresen og Nils Petter Molvær.