Vi gleder oss til å få stille ut arbeida til Lea Myrene Aurvåg.
Ho er utdanne grafisk designer, og har studert kunst ved kunstfagskulen i Ålesund.
Dette seier ho om arbeida sine:
“Det er kanskje det som beskriver arbeida mine best, at dei befinner seg i balansen mellom det alvorlige og lystbetonte. Der vil som regel vere ein dimensjon ein kan gå inn i dersom ein er interessert, men ein ting eg har i mente medan eg jobbar er at verka også skal kunne settast pris på frå eit overflatenivå.Så blir alt det andre heller ein bonus for dei som er åpne for å leite og fortolke.I fleire tilfeller åpnar det også for at folk kan sjå og oppleve ting i verka som eg sjølv ikkje har sett, noko eg synes gjer arbeidet spennande og givande, at eit verk kan ta andre former i det det forlater studio og blir betrakta av andre.