Billettar til kulinarisk kino ligg ute! “Pot-au-feu – Veien til hjertet” er filmtittelen når vi saman med Thon Hotell Fosnavåg dekkjer bord i konsertsalen ved det store lerretet! Tidenes matfilm med Oscar-vinnande Juliette Binoche og Cesar-vinnaren Benoît Magimel i hovudrollene. Prisen for denne filmopplevinga med trerettars meny frå Restaurant Sjøkanten blir 645,- (evt. 995,- med drikkepakke). Frist for kjøp av meny blir fredag 21. mars. For deg som ikkje har vore på kulinarisk kino hos oss før, så kan vi love triveleg stemning med kvite borddukar og det store lerretet ;o)
Og med ein nydeleg film som vil fenge både matelskaren og romantikaren møter vi kokkane Dodin Bouffant og Eugéne i deira kulinariske samarbeid på eit gods i Sør-Frankrike på slutten av 1800-tallet – og i deira årelange kjærleik til kvarandre. «Tidenes matfilm. Ustoppelig kulinarisk! En opplagt publikumsvinner.» – Montages