Julekonsert 10. desember kl 17:00 i Herøy kyrkje
Søndag 10. desember inviterer Herøy Janitsjar til julekonsert i Herøy kyrkje. Under leiing av dirigent Kjellstein Knotten presenterer orkesteret nydeleg musikk tilpassa kyrkjerommet.
Vi har invitert Hareid Kammerkor til å vere saman med oss denne kvelden, og dirigent Øyvind Granden Berg har valt ut eit repertoar som vil skape ei roleg og fin ettermiddagsstund i kyrkja.
Hareid Kammerkor er tett på 50 år gammalt og har enno medlemmer som har vore med frå starten. Koret tel om lag 30 songarar, og har under sin nye dirigent tatt nye steg i si musikalske utvikling. Vi gler oss svært til å høyre dette flotte koret frå Hareid og trur at mange korfolk frå Herøy vil kome til kyrkja denne kvelden for å bli inspirerte og oppglødde.
10. desember er 2. søndag i advent, ei tid for forventning og ro. Men i verda rundt oss er det liding og ufred, og mange er med rette bekymra over situasjonen. Då kan det vere godt å samlast rundt dei kjende og gode melodiane og for ei stund tillate oss å la roa kome sigande inn over oss.
Korpset vil vise fram sine eigne solistar: Rune Paulsen på kornett i Share my yoke, Håvard Voldnes med piano i The Seal Lullaby og sopransaksofon i eit nydeleg arrangement av Mitt hjerte alltid vanker. Vi har også fått med oss Heidi Kopperstad Frøystad som vokalsolist i den kjende Gabriella’s Sång frå filmen “Så som i himmelen”. Her blir det gåsehud! Ho har opptrådd saman med oss før, og har gleda publikum i Herøy ved mange tidlegare høve.
Julesongane Det kimer no til julefest og Det lyser i stille grender vil sette den rette stemninga når vi skal inn i dei to siste adventsvekene, og vi får også høyre nyare stykke som t.d. Sonjas sang frå filmen “Reisen til julestjernen” som kom så tidleg som i 1976. Hanne Krogh gjorde songen kjend, men i Herøy kyrkje er det vår eigen Heidi Kopperstad Frøystad som vil ta oss med inn i eventyrverda.
Kveldens programleiar blir Camilla Kvalsvik Aksnes. Ho har bakgrunn frå korps, men er no svært aktiv i korsamanheng og syng både i Tolvtetten og Cervix Vocales.
Dette blir ein skikkeleg fin konsert som du må prøve å få med deg!