Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Jul på sunnmørsk – småbordskonsert

desember 16, 2023 @ 20:00 - 21:30

390

Jul på Sunnmørsk er eit prosjekt som er lett å elske. På konsertane deira inviterer dei publikum inn i jula på ein leiken måte – alltid med mykje humor. Konserten i Fosnavåg konserthus blir ein småbord-konsert (unummerert) med høve til å kjøpe drikke frå hotellet. Såleis eit avgrensa antal billettar, så det kan vere lurt å vere tidleg ute.

Sidan 2013 har Jul på Sunnmørsk levert populære julekonsertar kor dei framelsker det faktum at jula ikkje nødvendigvis må vere så snødekka og gullforgylt slik vi ofte høyrer i dei typiske amerikanske julesongane. No markerar dei 10-årsjubileet sitt – og gir i det høvet også ut dobbel LP med tittelen «Nokre ler og nokre gret”. Nokre av landets beste norske jazzmusikarar er samla i prosjektet Jul på Sunnmørsk. Dei har laga eit produkt som gir folk nye felles referansar gjennom å løfte fram tradisjonane vi så godt kjenner til. Dei brenn for at lokale ord og uttrykk – og gamle lokale melodiar – ikkje skal gå i gløymeboka.

Vokalist Siril Malmedal Hauge har skrive dei fleste tekstane til prosjektet, og har passa på å ha med nokre av tradisjonane som minner oss om jula. Både om det fine og idylliske, men også dei irriterande typiske. Musikarane har til saman ein brei palett av musikalske referansar gjennom stor aktivitet i mange ulike prosjekt på den norske pop- og jazzscena. Dette er difor musikk som er iøyrefallande for folk frå over alt. Ja – til og med i Japan har dei ein fanskare! Vi får også høyre om kjent juletematikk; som at svoren helst bør vere sprø, vere til glede og besvær, dei utallege typane julekaker som må, bør og skal lagast, og sjølvsagt ein blues som ein hyllest til den sagnomsuste lutefisken! Høyr eit sylkvasst band som markerer sine 10 år med brask og bram!

Siril Malmedal Hauge – vokal, fløyte
Sondre Ferstad – munnspel, trekkspel
Kjetil Jerve – tangentar
Martin Morland – kontrabass
Henrik Lødøen – trommer

Detaljer

Dato:
desember 16, 2023
Tid
20:00 - 21:30
Kostnad:
390
Kategori for Arrangement:
Arrangement Tags:
Hjemmeside:
https://www.fosnavagkonserthus.no/jul-pa-sunnmorsk-msiril-malmedal-hauge-co-o6ebg5#tickets

Sted

Fosnavåg konserthus
Gerhard Voldnes veg 7
Fosnavåg, Herøy 6090 Norge
+ Google-kart
Vis Sted nettside

Arrangør

Fosnavåg konserthus
Epost
post@fosnavagkonserthus.no