Teatret Vårt gjestar konsertsalen med Edvard Hoem sitt mektige kvinneportrett!
I 1829 gjekk Hoem si tippoldemor Marta Kristine Nesje den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor. Dette er ei historie om kvinnekamp og likestilling 50 år før det blei ei politisk kampsak. Marta Kristine og mannen Hans Nesje er opphav til den store etterslekta vi møter i suksessromanen “Slåttekar i himmelen”.
“Jordmor på jorda” er ikkje berre ei framsyning om framveksten av det viktige jordmor-yrket, men òg ei påminning om at lukka og tragedien bur nær kvarandre, og at den store kjærleiken kan bli ei tyngande bør. Kom på teater i Fosnavåg!