
KORLEIS SKAL PLASSEN MELLOM CUBUS & INTERSPORT UTFORMAST?
Prosjektgruppa ønskjer å utvikle eit konsept som tek omsyn til kva dei som brukar plassen, treng. For å få det til, treng vi di deltaking!
Meld deg på idéverkstad!
Her kan du dele ideane, innspela og ønskja dine.
Torsdag 08.05.2025 kl. 17.00-20.30
Stad: Herøy Vidaregåande Skule
PÅMELDING
Her melder du deg på: https://t1p.de/erzr8
Prosjektgruppa, som består av Herøy kommune, kunstnarane Simon Tessem Wågsholm, Marit Moltu og Anita Reite Onen (Herøy kunstlag), lærar Joakim Eiksund frå Herøy vidaregåande skule og Elise Nærø frå Fosnavågaren Velforening, sivilarkitektane Indre Bennett og Janine Müller, som òg er kunstnar og prosessleiar, hadde prosjektoppstartsmøte 29.04.2025. No treng vi innspel frå dykk for å forme ein plass folk har lyst til å bruke.
Bur du i nærleiken? Jobbar du i Fosnavåg? Likar du å reise dit?
– Alle er hjarteleg velkomne til å delta!
Etter idéverkstaden i lag med dykk vil prosjektgruppa utvikle eit konsept som vi etter planen presenterer 26.05.2025. Ei eiga invitasjon til dette kjem snart.
PROGRAM FOR IDÉVERKSTAD
17.00: Velkomen
17.05–17.35: Innsamling av idéar og ønskje
17.35–17.50: Informasjon om plassen og prosjektet
Pause
18.00–19.20: Kvalitet, estetisk utforming og plassens identitet
Pause
19.30–20.30: Konseptutvikling i fellesskap
20.30: Slutt
Er du oppteken på torsdag og kan ikkje flytte avtalen?
Del tankane og ideane dine med oss digitalt!
https://t1p.de/ovdjd