- This event has passed.
Forskingsdagane 2023 på Runde Miljøsenter: Ei energisk oppleving!

Energi er drivkrafta til alt! Frå sollyset som gjer at bittesmå plankton blomstrar opp i havet, til energien du får av å ete ei skive med makrell i tomat, og elektrisiteten som driv mobilen eller bilen din – alt er energi. På Forskningsdagane på Runde kan du sjå, føle og smake på ulike delar av næringskjeda i havet og finne ut kor dei ulike plantene og dyra får energien sin ifrå. Du kan også prøve å utvinne energi frå vind, bølgjer og olje og lære deg meir om fornybar energi. Kva er det og kvifor er det så viktig?