Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Førjulskonsert med Leikong Blandakor

november 30, 2023 @ 19:30 - 21:00

250

I god tradisjon arrangerer Leikong Blandakor også i år advent-/førjulskonsert, med Maren Elise Haanes Waagan som gjesteartist/solist. Konsertane vert høvesvis i Herøy kyrkje torsdag 30. november, og i Leikanger kyrkje fredag 1. desember.

Konsertane har også i år overskrifta ”Frå Gospel til Stille Grender”, noko som er beskrivande for variasjonen i det songstoffet som koret har teke mål av seg til å framføre.

Konsertreportoaret er samansett av kjende og kjære norske julesongar, samt utanlandsk stoff som spenner frå ”klassiske” julesongar til svingande gospelrytmer.

Maren Elise Haanes Waagan, 24 år frå Leikong, er kjend i lokalmiljøet som ein dyktig artist. Ho har sin bakgrunn frå Herøy Kulturskule, frå Volda vidaregåande på musikklinja, og frå BIMM (British and Irish Modern Music) i Berlin. Maren har gitt ut eigne songar, og har eigne konsertar der ho gir publikum gode og verdifulle opplevingar

Detaljer

Dato:
november 30, 2023
Tid
19:30 - 21:00
Kostnad:
250
Kategori for Arrangement:
Arrangement Tags:

Sted

Herøy kyrkje
Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg
Fosnavåg, Herøy 6091 Norge
+ Google-kart
Telefon
41860780

Arrangør

Leikong Blandakor