Ti år etter at Even opptredde med Kringkastingsorkesteret på opninga av Fosnavåg konserthus, vender han tilbake for sin debutkonsert på den same scena. Den 24 år gamle herøyværingen tok seg til knockout-rundane i årets sesong av The Voice på TV2, og imponerte mentorane og det norske folket med si formidling og stemmeprakt. No er han klar for å fortsette på vegen vidare mot artistdraumen.
Even har skrive eigne låtar sidan han gjekk på musikklinja ved Volda vidaregåande skule, og har gitt ut singlar under artistnamnet EVEN frå 2018 til i dag. I 2023 debuterte han på radio med singelen «Fri», noko som på mange måtar markerte starten på musikksatsinga. Med sine personlege tekster på både norsk og engelsk leverer Even stemningsfulle pop-øyeblikk på sin måte. Kvelden vil by på både utgitte låtar og nyprodusert materiale, pakka inn i rykande ferske live-arrangement.
Bandet består av Vegard Voldsund (trommer), Arve Voldsund (gitar), Geir Idar Knotten (bass), Yngve Sævik (keys), Jonny Sævik Leikanger (kor og gitar) og Andrine Berge (kor). Dette blir ein kjekk konsert vi har lagt inn i Thon si jubileumsveke!