Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Dagkino under Sommarfesten i Fosnavåg

juni 21 @ 12:00 - 14:00

I forbindelse med Sommarfesten i Fosnavåg sett vi opp ein dagkino fredag 21 juni også.
Her kan du få sjå filmen One Life.

One Life fortel den sanne historia om Sir Nicholas Winton, som redda meir enn 600 barn frå nazistane under andre verdskrigen. Nicky såg på seg sjølv som ein heilt vanleg forretningsmann, men fekk ein brutal vekkjar frå det trygge livet sitt då han i 1938 besøkte eit nyleg okkupert Praha. Der såg han korleis dei flyktande jødane vart behandla, og difor gjorde han det han meinte var det einaste rette, nemleg å gjere alt i si makt for å hjelpe. Krigen nærma seg, og det vart eit kappløp med tida. Kor mange barn kunne han setje fri før det var for seint?

Dette er ein film som absolutt er verdt å få med seg, anten du er 16 eller 76. Anthony Hopkins brilliera i si rolle som britanes Schindler.
Filmstart kl 12, men møt gjerne litt før for ein kaffe og ein hyggeleg prat.

Husk at dersom du er medlem av Filmwebs Kinoklubb får du billetten til halv pris.

Detaljer

Dato:
juni 21
Tid
12:00 - 14:00
Kategori for Arrangement:
Hjemmeside:
https://t.ly/KC_zl

Sted

fosnavåg kino
Gerhard Voldnes veg 7
FosnavÅg, 6090 Norge
+ Google-kart
Telefon
91117644
Vis Sted nettside

Arrangør

Fosnavåg kino
Telefon
91117644
Vis Arrangør nettside