Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

Coasteering på Runde

January 13, 2024 @ 13:00 - 15:30
1150

Bli med på Coasteering på Runde laurdag den 13. januar!

Har du nokon gang lurt på korleis det er å oppleve livet og kreftene i havet på nært hald? Korleis bølgene som kjem frå storhavet følast på kroppen? Når du blir med på coasteering får du oppleve havet, med å vere i havet. Vi tek på oss våtdrakt, redningsvest og hjelm så tek vi turen ut i vatnet. Coasteering er ei blanding av å bevege seg på land og i vatnet. Ein skal symje, gå, klyve og flyte. Ein kjekk aktivitet som passer for dei aller fleste!

Det du skal få oppleve er ein heilt ny måte å sjå fjøresona på, tare som duvar i rørsla i vatnet eller levande vesen ein sjeldan får sjå. Ute på Runde er det sjeldan havet ligg stilt, og når vi beveger oss i fjøresona får har vi ein moglegheit for å leike oss i bølgene som bryt ved land. Den konstante bevegelsen i vatnet gjer aktiviteten i fjøresona spennande! Vår naturrettleiar deler forskingsbasert kunnskap om naturen på Runde, og undervegs vil vi ha stort fokus på å lære noko nytt! Coasteering er ein aktivitet som passar for dei fleste, om du er nysgjerrig på havet er dette ein aktivitet for deg.

Details

Venue

Organizer