Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

CHRISTEL ALSOS “I den kalde vinter”

December 1, 2023 @ 20:00 - 21:30

460

Norges vakraste julekonsert? Gå ikkje glipp av denne på førstkomande fredag! Kanskje du kan kombinere det med eit restaurant-besøk same ettermiddag/kveld? Julekonsertane til Christel Alsos har over dei siste ti åra blitt ein tradisjon. Ikkje berre for publikum, men også for artisten sjølv:

“For meg har det å gjøre julekonserter hele tiden vært forbundet med å føle seg litt mer hudløs enn ellers i året. Julen forsterker og forstørrer livene våre. Likevel er det ingen tvil om at årets turné vil bli ekstra spesiell og jeg er utrolig glad for at vi får mulighet til å gjennomføre disse konsertene. Det tror jeg vi alle trenger nå, å samles rundt våre felles historier og tradisjoner”.

I 2013 sleppte Christel Alsos utgjevinga av det kritikarroste julealbumet «I den kalde vinter». Ei varm, inderleg og vakker juleplate. Albumet fekk eit nytt tilskot i 2017 med den eigenskrivne låta “Desember”. Hennar første utgjeving på norsk. Låta handlar om å kome heim til noko eller nokon du held kjær, eit tema som personleg står sentralt i livet til den unge kvinna bak den store stemma frå nord.

Med seg på scena har ho Andreas Bye, Marius Graff, Jo Berger Myhre, Voldsdal Sørensen og Andreas Löwe. Og denne eminente gjengen er klare for å gi publikum julestemning igjen også i 2023! Faktisk skal dei ha sin pre-produksjon for årets juleturné hos oss i vårt konserthus! I forkant av sin første julekonsert eksklusivt i Fosnavåg, før dei held fram i dei andre store byane, Kristiansand, Stavanger, Trondheim, Bergen, Oslo, Tromsø og Bodø…

Details

Date:
December 1, 2023
Time:
20:00 - 21:30
Cost:
460
Event Category:
Event Tags:
Website:
https://www.fosnavagkonserthus.no/konsert-kb62xe

Venue

Fosnavåg konserthus
Gerhard Voldnes veg 7
Fosnavåg, Herøy 6090 Norge
+ Google Map
View Venue Website

Organizer

Fosnavåg konserthus
Email
post@fosnavagkonserthus.no