Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Brothers in arms: DIRE STRAITS tribute

mars 2 @ 20:00 - 22:00

350

Brothers In Arms – a tribute to Dire Straits, vart etablert i 2007 av sju erfarne musikarkompisar frå Ålesund og Brattvåg, inkludert ein innflytta amerikanar og to nordlendingar. Det heile byrja med årlege konsertar på Teaterfabrikken i Ålesund. På grunn av stor popularitet utvida dei til to konsertar i året, alltid med fulle hus. Dette førte til nye konsertar på stadig nye plassar og opp gjennom åra har bandet spelt på mange scener, kulturhus og festivalar. Sjølv om bandet Brothers In Arms sett sitt eige preg på Dire Straits’ låtar, er gjenkjenningsfaktoren garantert høg. Brothers In Arms leverar tolkningar av Dire Straits’ musikk med respekt og kvalitet, og ser no fram til å dele musikken med publikummet i Fosnavåg – over 5 år sidan sist dei spelte konsert her hjå oss. Vi gler oss over å ha dei tilbake:

Erik James Anderson; vokal
Ketil Strand; gitar og vokal
Lars Øverås; bass
Bjørn A. Skjelten; trommer
Kjell Myklebust; tangentar
Sten-Even Holstad; gitar

Detaljer

Dato:
mars 2
Tid
20:00 - 22:00
Kostnad:
350
Kategori for Arrangement:
Arrangement Tags:
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/1102633237414536

Sted

Fosnavåg konserthus
Gerhard Voldnes veg 7
Fosnavåg, Herøy 6090 Norge
+ Google-kart
Vis Sted nettside

Arrangør

Fosnavåg konserthus
Epost
post@fosnavagkonserthus.no