Herøy kulturskule er 50 år og vi inviterer til
Be’glorious 2024
laurdag 15.juni kl 13:30 og kl 17:00
Og vi er klar – igjen! Ein energifull og verdifull tradisjon kvart år!
Herøy Kulturskule sine eldste dansarar, songarar, musikarar, band og kunstelevar er kjempeglade for å kunne invitere deg inn på Herøy Kulturhus, der du får oppleve spenning, fargar, latter, rytmer, action, tårer og trollbindande variasjonar.
Vi har med oss innlevelse og stoltheit. Du tek med deg applaus, og får ei pustepause med underhaldning!
Vi ønsker alle hjertelig velkomne!